Viser arkivet for stikkordet kulturarbeid

Føleri eller fakta?

Les (studer og lær av) kronikken i Aftenposten i dag fredag 17.juli (sjå lenke) av Georg Arnestad, forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, med same tittel som dette innlegget.

Og litt sjølvkritisk: Kor er alle kulturorganisasjonane (og dei er det ikkje reint få av) i denne og andre kulturderbattar?

Kultur (og ikkje reint lite kunst) blir dagleg produsert i frivillige organisasjonar, på ungdomshus og grendehus – i tusenvis organisasjonseigde kulturbygg og kulturarenaer, i grunnskole og på folkehøgskolane, på fritids-/ungdomsklubbar og i lag/foreiningar, kor, korps, teater- og revygrupper osv. osv.

Norsk ungdomskultur 2009 kunne illustrerast med hardingfele, halling og breakdans, rapping og stev utført på ei revyscene med dansande, fleirfarga ungdom på eit kulturminneverneverdig og rusfritt ungdomshus.

Skal sjå det kunne ha interesse for fagmiljøet, media og rikspolitikarane?

Men, først – les kronikken til Georg Arnestad: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article3172623.ece