Viser arkivet for juli, 2009

Kulturløftet 2 og kulturarenaer

Pressemelding frå Norske kulturbygg (25.06.2009)

Det skjer så mye godt og spennande, utviklande og skapande, seriøst og ”blott til lyst” i det norske kulturlivet, at det må vere eit kjempeproblem for dei som er mest opptatt av å klage (kyte) og ha fokus på det negative.
På mest kvar skole har det no vore bevist at vi i alle fall skore høgt (på topp) når det gjeld ulike og mangfaldige kulturuttrykk for barn og unge, men det er ikkje så lett å telje som reknesvar.

Men, både media, politikarar og fagmiljø gløyme at dette yrande, fantastiske og mangfaldige kulturlivet, ikkje ville vore muleg utan ein lang, brei, landsomfattande og variert frivillig organisasjonstradisjon. Skal vi bare nemne Alexander Rybak og Frikar…

Sentralt i dette arbeidet er dei meir enn 2000 kulturbygga eigd av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar over heile landet. Norske kulturbygg representerer dei rundt 300 ungdomshusa til den historisk største husbyggarorganisasjonen, Noregs Ungdomslag, og lagsbruka (forretnings-drifta) til NU og Noregs Mållag (kaffistovene og bondeheimane m.v.).

Norske kulturbygg er med i NOK nettverk for organisasjonseigde kulturbygg saman med Norges Velforbund, Folkets Hus Landsforbund og LASS Landslaget for alkoholfrie samlings- og serveringssteder. NOK er med i Utviklingsgruppa for kulturbygg/kulturarenaer saman med NOKU, Norsk kulturhusnettverk, Norges musikkråd og Norges teaterråd).

Mye er oppnådd dei siste åra på kulturfeltet, ikkje minst gjennom Kulturløftet 1. Men særleg på eitt område heng det etter: Ei storsatsing, ikkje bare på offentlege kulturhus og institusjonane, men på dei tusenvis av kulturarenaene til leik og moro, utprøving og meistring, øving og framsyning – og ikkje minst generasjonsmøta mellom ung, vaksen og gamal, truleg det viktigaste integreringsarbeidet i det moderne samfunnet.

Kulturløftet 2 må bli eit skikkeleg løft for dei organisasjonseigde kulturbygga – for dei rundt 300 ungdomshusa som har vore bygda sitt kulturhus i meir enn 100 år, grendehus og samfunnshus osv. Nå og i framtida vil dei vere vesentlege arenaer, i tillegg til offentlege kulturhus, for tusenvis av unge, vaksne og gamle i eit mangfaldig, demokratisk og engasjerande kulturarbeid.

Dette er arenaer for meistring, inkludering og mangfald – i ei ramme av framtidsretta kulturarv.
Sjå og vår nettside kulturbygget.no

Med vennleg helsing
Norske kulturbygg
Anders Slaatsveen
dagleg leiar